Kong Arthurspelet - Søndag 10. august kl 15:00
Informasjon

No er det heile 25 år sidan det fyrste Kong Arthurspelet, og vi er klare for eit forrykande jubileumsspel! Vi nærmar oss august og ser igjen fram til nye sprell og ein heidundrande dans på Kongsvollen.
Kong Arthurspelet er eit humoristisk sogespel. Det vert framført på Sandsøya eller Dollsøya som øya heitte på Keltisk og gamalnorsk. Spelet si målgruppe er familie, men med humor som går på fleire nivå. Spelet er derfor god underhaldning for born som vaksne!
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Amfiet har sitjeplassar, men det er ikkje råd å førehandsreservere plass.